Bergen Havn har fått Vestland fylke sin første klimapris. Bakgrunnen for prisen er arbeidet med utvikling og tilrettelegging for landstraum til skip, og for innføring av miljødifferensierte hamneavgifter.

I begrunninga frå jurien heiter det mellom anna:

-Vi har særleg merka oss arbeidet med tilrettelegging av landstraum for skip, og at Bergen Havn har teke initiativ til miljødifferensierte hamneavgifter. Gjennom desse prosjekta syner prisvinnaren seg å vere ein verdig mottakar av den første klima- og miljøprisen i Vestland fylkeskommune. Bergen Havn viser evne til nyskaping og evne og vilje til å yte ein aktiv klimainnsats, seier Marthe Hammer som leia innstillingsnemnda for prisen.

Hammer las opp grunngjevinga for pristildelinga under møtet i fylkestinget 9. juni. Fylkesordførar Jon Askeland overrekte så prisen, som er på 70 000 kr.

Viktig anerkjenning av klimabidrag

– Vi ser på tildelinga som ei viktig anerkjenning av våre bidrag i klimaomstillinga, og det gir oss auka motivasjon til å halde fram med dette arbeidet. Både utbygging av landstraum og innføring av miljøprising av cruiseskip som vitjar hamna, har fått internasjonal merksemd. Det er difor naturleg for oss å lansere desse løysingane også for utanlandske hamner. Med denne flotte klimaprisen får vi den best tenkelege starten på lanseringa. Vi er rett og slett stolte av å motta denne prisen, seier hamnedirektør Johnny Breivik.

intervju Johnny

Dei som tok imot prisen på vegne av Bergen Havn var styreleiar Anne-Grete Strøm-Erichsen, miljøleiar Even Husby og hamnedirektøren Johnny Breivik..

Lanserer indeks internasjonalt

Som ledd i arbeidet med å redusere forureining frå skip ved kai, har Bergen Havn teke initiativ til eit nasjonalt prosjekt for å etablere verktøyet Environmental Port Index (EPI).

Ei av dei viktigaste oppgåvene til EPI er å fange opp kor mykje eit skip forureinar når det ligg til kai. Dess meir miljøvenleg skipet er, dess billegare er det å ligge i hamna. Bergen Havn har så langt fått med seg 16 norske hamner til å bruke Environmental Port Index. Det gjer at skipa møter det same systemet i hamnene langs kysten og får eit sterkare initiativ til å gjere skipet meir miljøvenleg. Bergen Havn lanserer no systemet internasjonalt og har møte med blant andre London Hamn.

– Dette er innovativt og nyskapande, og er hovudgrunnen for at vi vel å gi klima- og miljøprisen til Bergen Havn. Dei tek leiing og set retning i klimaarbeidet – også internasjonalt – og det fortener merksemd og honnør, seier Marthe Hammer.

Beste ladetilbodet for skip i Europa

Bergen Havn etablerer no i juni verdas største landstraumanlegg for cruiseskip med fem koplingspunkt og med kapasitet for tre cruiseskip samtidig. Dei har også verdas mest omfattande landstraumtilbod for offshoreskip. Totalt får hamna no 16 tilkoplingspunkt, som til saman gjer at ein her finn det beste ladetilbodet for skip i Europa.

– Prisvinnaren har også vist innovasjon i organiseringa av forretningsmodellen ved å gå saman med kraftselskapet BKK og danne selskapet Plug. Prosjekta til Bergen Havn er gode døme på korleis Vestland kan bidra både nasjonalt og internasjonalt, og dei bidreg til å setje Vestland på kartet. Arbeidet har overføringsverdi til andre område og kan bidra til ei klimaomstilling av heile skipsfarten, ikkje berre for cruisenæringa, seier Hammer.