Stenging i og over Straumsundet

Eit parti i Straumsundet under gamlebrua vert stengd for

båtferdsel – brua over sundet vert stengd for trafikk.

Frå måndag 25.06 til laurdag 07.07 2018 vil det vere sjøarbeid i

Straumsundet, sjøkart nr 21, på begge sider av brua over sundet. Sundet vil i

denne perioden verte stengd for almen båtferdsel mellom raude sperrelinjer

vist på kart.Visio-Mal for Skiltplan

Frå måndag 02. til laurdag 07.07.2018 vil det vere sjøarbeider under

gamlebrua over Straumsundet. Brua vil i denne perioden verte stengd for

trafikk. Varselskilt vert satt opp.

Valen Marina AS på vegne av FjellVAR AS skal i sommar leggje ned en 400

mm pumpeleidning for avløp, i sjø frå Søre Bildøy til Foldnesvågen. Som del av

dette prosjektet skal leidninga leggjast gjennom Straumsundet og under den

gamle brua i Straumsundet. Sjøleidninga vert grave ned under botnen over

store deler av området, slik at eksisterande botnnivå over -3m ikkje vert endra.

Valen Marina vil ha vaktbåt på staden når det er sjøarbeidar og kan kontaktast

på tlf. 90 70 19 60.

www.fjellvar.as